
Manon des sources
Manon des sources er del to av ei historie, og følger etter filmen Jean de Florette. Det har gått nokre år, og dottera til Jean har blitt vaksen.
Forutan dette er det greit å ikkje skrive om handlinga, for det berre avslører kva som har skjedd i Jean de Florette. Så sjå på dette som ei forlenging av det eg skreiv om den filmen.
Eg likar Manon des sources omtrent like godt som den førre. Her òg er det mykje som etter kvart står på spel. Det er òg eit oppgjer med det som blei etablert. Samstundes som dette er del to, merkar eg at det er ein eigen film og fungerer godt som det.
Den nye tonen gjer noko med korleis historia verkar. Behind the Seens (behindtheseens.wordpress.com) meiner at Manon des sources er bitrare og manglar noko av den emosjonelle balansen som var i Jean de Florette. Eg likar dei omtrent like godt, men skilnaden er interessant. Oppgjeret flyttar tyngdepunktet, og gjer at fortsettinga får eit anna preg sjølv om ho er tett knytt til det som kom før.
