Hopp til hovedinnhold
Plakat for Midnight Cowboy (1969)

Midnight Cowboy

Film
3

Ein ung og naiv mann (Jon Voight) frå Texas reiser til New York for å leve livet som prostituert. Han ser for seg rike kvinner og god inntekt, men tilværet blir alt anna enn tenkt.

I New York møter han på ein snik og ein sjuk karakter (Dustin Hoffman), som blir den beste kameraten hans. I lag trassar dei fattigdom, kulde og eit skite bybilde. New York var prega av kriminalitet på den tida.

Midnight Cowboy fremmar eit ubehag, men har dei rette karakterane til å lose oss gjennom dette. I motsetning til ein del norske filmar frå 1970-talet som har eit tilsvarande ubehag, men ingen kvalitetar til å godskrive filmen med.

Ein morosam tanke som dukka opp mens eg såg filmen, var at den norske Hotel St. Pauli, ein av dei verste norske filmane nokon gong, også har ein cowboy som reiser til storbyen, men som skal finne ei hore, i staden for å bli det. Og som også møter ein uventa hard realitet på gata.

Tilbake til Midnight Cowboy, så er filmen langt unna å vere dårleg. Men det er ikkje ei historie som fenger meg heilt. Skodespel, visuelt uttrykk, musikk og framdrift er saker som er på plass, så teknisk sett er det ingenting å utsette på filmen. Det er mangelen på det store engasjementet for karakterane og historia som trekk ned.

Robert Snow på Kinetoscope (kinetoscope.ca) finn det sterkaste i håpet om at dei to mennene endeleg skal få noko til, trass i alle nederlaga. Han meiner dei drømmeaktige bileta og klippinga gjer lengslene deira tydelege. Eg ser også kvalitetane i utføringa, men blir ikkje like investert i den neste sjansen deira. Ubehaget og handverket når fram, medan det store engasjementet held seg på avstand.