Hopp til hovedinnhold
Plakat for Mission: Impossible II (2000)

Mission: Impossible II

Film
3

Stafettpinnen har blitt gitt til John Woo og ei ny middelmåtig historie har blitt innpakka i spektakulære eksplosjonar, sakte kino, kuleregn og akrobatikk.

Denne gongen er det jakta på eit virus som er årsaka til maskeraden, sentrum for merksemda og årsaka til at Ethan Hunt gir seg i kast med ei vakker dame. Eg vurderer filmen ut frå dei same kriteria som den førre, på rein underhaldningsverdi, og gir han tommel opp. Og etter det eg har høyrt skal Mission: Impossible III vere endå betre. Det gjenstår å sjå.

For Tom Gillespie på The Wrath of Blog (the-wrath-of-blog.blogspot.com) er dei svake figurane nok til at også actionen fell saman. Han meiner John Woo sine visuelle påfunn ikkje klarar å skjule kor tom filmen er. Eg krev mindre av han denne gongen. Historia er middelmåtig, men eksplosjonane, akrobatikken og den overdrivne stilen gir meg framleis nok rein underhaldning til å vende tommelen opp.