
Mon oncle
Mon oncle er ein flott film å sjå på og lytte til, men har avgrensingar når det kjem til kor interessant han er å følge i to timar. Monsieur Hulot er det næraste me kjem ei hovudrolle, og Monsieur Hulot er synonymt med katastrofe og komedie.
Søstera til Monsieur Hulot og mannen hennar prøver å få han i jobb og dame, og inviterer han blant anna inn i det moderne huset sitt. Eit hus som med alle sine teknologiske nyvinningar blir prøvd til det ytste i nærværet til Monsieur Hulot.
Det er ikkje så veldig morosamt, og filmen framstår som i overkant lang. Humoren er mildt sagt mild, og eg lar meg heller fascinere av arbeidet som er lagt i detaljane enn noko anna i Mon oncle, eller My Uncle som den heiter på engelsk.
Ad Blankestijn på Ad Blankestijn (adblankestijn.blogspot.com) meiner dette er komikk som heller gir små smil og eit godt humør enn høg latter. Han ser den stillferdige rytmen som ein del av gleda, med bilde som blir verande etterpå. Eg får også mest ut av detaljane og handverket, men kjenner sterkare på lengda. Den milde humoren gir ikkje heilt nok til å halde interessa oppe heile vegen.
Mitt einaste samanlikningsgrunnlag er den noko seinare PlayTime, som er endå betre gjennomført på lydsida, og større og meir imponerande i sitt modernistiske skode. Men kanskje også eit hakk meir abstrakt. Ei anbefaling dersom du er ute etter noko spesielt og fransk, men ingenting å satse på dersom du er ute etter hovudstraumskomedie.
