Hopp til hovedinnhold
Plakat for Pablo Francisco: Ouch! (2006)

Pablo Francisco: Ouch!

Film
4

Standupkomikar Pablo Francisco er tilbake med ny DVD og nye vitsar, stemmeetterlikningar og ikkje minst forteljarstemmer til filmtrailerar. Showet er 1 time og 10 minuttar langt og delar av det er rimelege dryge saker, som dissing av folkegrupper og homofili, alt med ei humoristisk formidling som gjer det akseptabelt.

Samanlikna med Pablo Francisco: Bits and Pieces så er ikkje Pablo Francisco: Ouch! så morosam. No gjekk rettnok nokon av poenga bort ettersom eg mangla undertekst, men andre delar var rett og slett for tamme. Det betyr ikkje at dette ikkje var morosamt, for på denne lange timen får mannen plass til mykje bra også.

Eg vil karakterisere dette som god standupkomedie, men ikkje topp.

Imitasjonane er framleis imponerande, men overraskingane er færre. Francis Rizzo III på DVD Talk (dvdtalk.com) meiner fleire vitsar og stemmetriks blir gjentekne så ofte at dei mistar noko av krafta, sjølv om energien held delar av showet oppe. Det ligg nær mi eiga vurdering. Pablo Francisco får plass til mykje som er morosamt, men denne gongen er ikkje heilskapen like frisk som det eg hadde sett frå han før.