
Papurika
Papurika tar Satoshi Kon tilbake til surrealismen etter realismen i Tôkyô goddofâzâzu, og det på ein av dei drygaste måtane hittil i filmskaparkarrieren hans i mine auger. Her blir grensene mellom draumar og vaken tilstand viska vekk og alt ligg tilrette for ein forvirrande time og ein halv.
Overraskande nok er det ikkje tungt å følge filmen. Han legg aldri opp til at han må bli fortstått for å underhalde. Filmen varierer mellom spenning, thriller og fantasi. Å vurdere han er derimot vanskeleg, for kva skal eg sjå etter i ein slik samanheng? For min del var det eit stort pluss at filmen klarer å involvere meg i personane her, som har definerte roller. Når eg har dette å halde meg fast i kan det i grunn skje mykje rart utan å rokke på tolmodet mitt.
Det innhaldsrike uttrykket blir heller ikkje rotete for skribenten på A Nutshell Review (anutshellreview.blogspot.com). Han rosar kor mykje filmen får plass til på halvannan time, og meiner gåtene skjerpar merksemda utan å hindre oss i å følge det som skjer vidare. Der møtest me ganske godt. Eg treng ikkje få orden på alt så lenge personane gir meg eit haldepunkt og filmen held nysgjerrigheita ved lag.
Sett at mykje rart er i samanheng med ei blanding av draumar. Lar du deg imponere av fargebruk og ein animasjonstil som fleire stader ligg nær det groteske i både AKIRA og Sen to Chihiro no kamikakushi kjem du ganske langt.
Filmen heiter Paprika på engelsk.
