Hopp til hovedinnhold
Plakat for Pitch Perfect 2 (2015)

Pitch Perfect 2

Film
2

Acapellasong blir sett på som ein aktivitet for nerdar, og Pitch Perfect 2 sitt forsøk på å balansere for dette er så overdriven at det gjer saka verre.

Forutan ei tynn handling er problemet til Pitch Perfect 2 at filmen prøver å vere kul. Det skal mykje til for å lykkast. Ofte er det å vere kul ein positiv biverknad av noko meir.

Ei gruppe unge vaksne som synger for eii acapellagruppe på college tråkkar i salaten, og handlinga går ut på at dei får sjansen til å bevise på nytt at dei er best i ein verdsomspennande konkurranse.

Hailee Steinfeld er eit nytt tilskot til resten av gruppa som var med i Pitch Perfect. Hadde filmen handla meir om hennar talent, hadde eg kanskje likt dette betre. I staden gjer filmen tabben ved å tru at å løfte konkurranse til ein på verdsnivå, så skal det bli spennande nok. Denne tabben skjer ofte, og eg skreiv seinast for få dagar sidan om Cars 2 som bomma på det same.

Hailee Steinfeld er også eit lyspunkt for David J. Fowlie på Keeping It Reel (keeping-it-reel.com). Han meiner ho gir den nye karakteren eit truverdig blandingsforhold mellom iver og nervøsitet, medan filmen elles gjentek vitsar og føreseielege sidehistorier. Det styrker inntrykket mitt av at filmen hadde meir å hente i henne enn i å gjere konkurransen større. Utan ei betre historie blir det lite å samle alle innslaga rundt.

Pitch Perfect 2 er altså inga anbefaling, men heller anbefalt å styre unna. Eg er filminteressert, likar filmseriar og vil sannsynlegvis sjå Pitch Perfect 3 når han kjem i 2017. Men brukar du avgrensa med tid på filmar så styrer du unna.