
Rabbits
Tre menneske i kanindrakter, ein kameravinkel og trykkande musikk med tonar av lokomotiv blir til 42 minuttar med Rabbits. Dei tre personane snakkar usamanhengande om ting som godt mogleg kan ha ei meining om du flyttar rundt på setningane.
Delar av tida er oppteken av stille stunder, innslag av latter og applaus frå publikum på boks. Det gir assosiasjonar til situasjonskomedie, men det betyr ikkje komedie, men heller absurd snakk.
Publikumslatteren kan vere ein del av sjølve uroa. Grace Murray på Felix (felixonline.co.uk) les Rabbits som ei vrenging av situasjonskomedien, der latteren kjem utan dei venta vitsane og dialogen verkar klipt frå kvarandre. Det gir ein interessant inngang til noko eg ikkje klarte å forstå. Me kjenner igjen ramma, men får ikkje den tryggleiken ho vanlegvis lovar. Det som burde vere kvardagsleg, blir merkeleg og ubehageleg.
Undervegs blir me vitne til eit par forrykande framsyningar av lys. Den ekle stemninga som pregar filmen blir forsterka opp i mente. Dette er nær det mest spesielle eg har sett nokon gang. Kvifor eg lét meg imponere er ei gåte, eg forstod ingenting av dette. Har du sett Inland Empire så har du sett kaninane.
