Hopp til hovedinnhold
Plakat for Rambo: First Blood Part II (1985)

Rambo: First Blood Part II

Film
3

Rambo: First Blood Part II er den andre Rambo-filmen med Sylvester Stallone, det vil seie oppfølgaren til First Blood.

Dette er ein smak på kva resten av Rambo-filmane i ettertid har blitt kjent som, nemleg vanvittige skyte- og krigsfilmar med ein mann i bar overkropp og store våpen.

Eit interessant poeng er å samanlikne med den første filmen, som hadde berre eit drap. Mens det her aukar til 69 drap.

Handlinga i Rambo: First Blood Part II går føre seg i landet som John Rambo sleit med å gløyme i den første filmen, Vietnam. Årsaka er at han må gjere eit oppdrag der for å sleppe ut av fengsel. Det blir eit blodig oppdrag som går ut på å frigjere krigsfangar.

Dette er eit prakteksempel på kor tøft og uhøgtideleg action på 1980-talet kunne vere. Utan å bli tullete eller nødvendigvis måtte ty til sjølvironi.

Gareth Rhodes finn også glede i den brutale actionen på Gareth Rhodes Film Reviews (garethrhodes.wordpress.com), men meiner filmen er langt mindre interessant enn den første. For han står eksplosjonane i vegen for utviklinga av figuren. Eg legg meir vekt på kor tøft og uhøgtideleg dette fungerer. Skiftet mot den einslege krigsmaskina er tydeleg, men som eit døme på denne typen action har filmen framleis mykje å gi meg.