Hopp til hovedinnhold
Plakat for Rampage (2018)

Rampage

Film
3

Eg hadde ingenting i mot Rampage. Når eg vil ha ein lett og underhaldande actionfilm, så leverer stort sett alltid ein film med Dwayne Johnson.

Forstå meg rett, dette er ikkje ein fantastisk film. Men han er artig som han er. Viss du vil sjå store monster som slåst i ein by, og forårsakar mykje kaos undervegs, så er dette filmen for deg. Viss du forventar noko så bra og originalt som Pacific Rim, så blir du nok skuffa.

Dwayne Johnson sin sjarm får også mykje av æra på The Film Blog (thefilm.blog). Skribenten finn filmen morosam når kaoset er på sitt mest tullete, men meiner at dialogpausane og dei svake effektane trekker ned. Eg er meir nøgd med den enkle underhaldninga. Når me går inn for å sjå store monster lage bråk, er det mykje her som leverer nettopp det.