
Rebel Without a Cause
James Dean storspelar i Rebel Without a Cause, men filmen når ikkje toppen. Likevel er han nok betre kjent blant folk flest. Eg sette pris på filmen som underhaldning, på grunn av skodespelet til James Dean og for ikkje å gløyme nydeleg bilde i flotte WarnerColors. Eg har litt problem med å sjå rollefiguren til James Dean som den største rebellen. Han er meir ein rotlaus ungdom i mine auge. Ein ung gut med gode intensjonar som slit med å finne seg til rette i samfunnet. Difor passar den norske tittelen ganske godt, som nettopp er Rotløs ungdom.
Det er lettare å kjenne att ein som ikkje passar inn, enn ein opprørar utan grunn. Wesley Lovell på Cinema Sight (cinemasight.com) trekker nettopp fram kor ubehageleg det er å bli jaga av ein gjeng fordi me er ny eller annleis. Han finn sterke parallellar til eiga ungdomstid. Det gir meining i lys av det eg ser i hovudpersonen, ein gut som prøver å finne plassen sin og stadig hamnar skeivt ut.
Filmen skal ha skryt for god fargebruk. Eg vil påpeike nok ein gong at fargane er storarta, den raude jakka til James Dean er ein av dei flottaste raudfargane eg har sett på film. Filmen er også til å anbefale, men ikkje i så stor grad som East of Eden.
