Hopp til hovedinnhold
Plakat for Revolver (2005)

Revolver

Film
3

Viss du likar Snatch og Lock, Stock and Two Smoking Barrels, så bør du ikkje sjå denne filmen her. Guy Ritchie har bomma til dei grader at denne filmen berre bli ei einaste blanding av rot og rask klipping.

Historia er innvikla, men mogleg å forstå etter kvart, dette er likevel ikkje hinder for i at det blir kjedeleg. Det ser ut som det er prøvd for mykje, så det blir på ein måte litt smør på flesk. Litt harskt kanskje. Men filmen har ikkje den beste flyten.

Matt Adcock på Darkmatters (darkmatt.blogspot.com) finn mykje meir å glede seg over i denne avstikkaren frå dei tidlegare gangsterfilmane til Guy Ritchie. Han rosar dei sterke bileta, animasjonsinnslaget og Mark Strong som leigemordaren Sorter. Eg får ikkje desse enkeltdelane til å vege opp for heilskapen. Det er mogleg å forstå meir etter kvart utan at filmen dermed blir meir engasjerande, og for meg er flyten framleis det store problemet.