Hopp til hovedinnhold
Plakat for Snatch (2000)

Snatch

Film
4

Kven kan ikkje like en beksvart komedie? Snatch er nok ein av dei betre, på linje med Lock, Stock and Two Smoking Barrels.

Ei godt skrive historie, samt godt skodespel, spesielt av Brad Pitt. Dette er ein av dei betre filmane eg har sett han i, men eg har tilgode å sjå Se7en da. God kameraføring, og med eit nydeleg gullbrunt filter over bilde, som passar perfekt til stemninga. Det er alltid noko som skjer, og filmen kastar ikkje vekk eit minutt. Ta flyturen frå USA til London, her er det ikkje kasta vekk eit sekund.

Dialogane er fylte med ordspel og referansar. Og enkle setningsvitsar dukkar sjeldan opp, men dei som dukkar opp er heldigvis gode. Mange av scenene er faktisk ganske så vakre å sjå på, trass i den mørke undertonen.

Mark Barry på Sounds Good, Looks Good (markattheflicks.blogspot.com) legg også mykje av gleda i dei fargerike figurane og måten dei snakkar på. Han trekker særleg fram Jason Statham og Brad Pitt, og meiner musikken og den opphakka klippinga held moroa i gang. Det passar med energien eg likar. Her blir ikkje stilen berre eit lag over historia, men ein viktig del av korleis kvar replikk og kvart møte får verknad.