
Rik Mayall: Lord of Misrule
Film
3
Eg blei kjend med Rik Mayall gjennom Bottom. Han var ein så livleg fyr på skjermen at eg fekk lyst til å vite meir om han. Rik Mayall: Lord of Misrule gav meg i alle fall rikeleg med påminningar om kvifor eg blei nysgjerrig.
Dokumentaren ser tilbake på karrieren hans gjennom klipp, intervju og minne frå andre komikarar. Det er ein hyllest til ein skodespelar som kunne fylle skjermen med svært mykje energi.
Eg skulle gjerne hatt ein betre dokumentar. Men temaet er topp, og Rik Mayall er interessant nok til at eg får noko ut av denne likevel.
Bruce Dessau peikar på Beyond The Joke (beyondthejoke.co.uk) på nokre hol i tilbakeblikket, mellom anna fråværet av Adrian Edmondson. Samtidig finn han mykje glede i å sjå Rik Mayall for full maskin igjen.
