
Running Time
Running Time skal visstnok i likskap med Alfred Hitchcock sin 1948-film Rope ha vore filma i ein lang sekvens. Han skal også, etter andre kjelder å dømme, ha blitt spilt inn over ti dagar. Poenget er nok at filmen skal verke som at han er filma i ei lang taking. Forutan denne illusjonen kunne Running Time ha vore ein vanleg film med lågt budsjett i svart-kvitt og med eit under gjennomsnittleg godt lydspor.
Sett forbi desse detaljane, og ei ikkje altfor sterk eller original historie, har Josh Becker klart å sette saman ein over gjennomsnittleg god film. Han er med sine 69 minuttar akkurat passe kort, og meir ein uavhengig film enn den typiske B-filmen som Bruce Campbell pleier å dukke opp i.
Svart-kvitt-fotograferinga er noko Dennis Schwartz på Dennis Schwartz Movie Reviews (dennisschwartzreviews.com) meiner gir filmen eit fint preg av både dokumentar og urban thriller. Han er langt mindre nøgd med skodespelet og den lite overtydande actionen. Det er eit blanda syn på ein film som også har klare avgrensingar for meg. Eg synest likevel Josh Becker får nok ut av forma og den korte speletida til at resultatet blir betre enn historia åleine skulle tilseie.
Apropos samarbeidet med Bruce Campbell, Josh Becker står også bak Alien Apocalypse, ein film som eg godt kunne tenkte meg å sjå.
