Hopp til hovedinnhold
Plakat for September (1987)

September

Film
4

September kan minne litt om Interiors, ein tidlegare seriøs film av Woody Allen. Depresjon står sentralt, og miljøet forsterkar kjensla av å ikkje vere heilt heime. Det er ikkje direkte kaldt, men litt kjølig.

På ei anna side er September ein lystigare film med meir fokus på forviklingar i situasjonane som oppstår når menneske møter kvarandre, og ikkje har kontroll over kven dei forelskar seg i. Dette gir rom for både det triste og komedien i det lukka miljøet av eit hus handlinga skjer i. Her var intensjonane til Woody Allen å lage eit teaterstykke på film, med fleire lange takingar og minimalt av effektar.

Mia Farrow passar ganske godt inn i rolla som kvinne i ein tung livsfase. Ho er ein plass i mellom å vere håplaus, trist og irriterande irrasjonell, ei slitsam kvinne å ha med å gjere. Plakaten hintar til ein bipolar mentaltilstand. Dei andre rollene i filmen er med på å nøytralisere ho og balansere persongalleriet til å gjere dette til ei roleg filmoppleving framfor eit stressande forviklingsdrama.

Kontrasten mellom Lane og mora er sentral i omtalen på Cinemascope (cliched-monologues.blogspot.com). Skribenten trekker fram kor ulikt den sårbare dottera og den langt meir utettervende mora møter verda, og rosar både ensemblet og den rolege rytmen. Det er nettopp samspelet med dei andre som gjer Lane interessant å følge. Ho får fylle mykje av rommet utan at filmen mistar den stillferdige tonen.