Hopp til hovedinnhold
Plakat for sex, lies, and videotape (1989)

sex, lies, and videotape

Film
4

Etter å ha sjekka resymeet til Steven Soderbergh oppdaga eg at eg faktisk har sett ein del av han før. Filmar som Traffic, Ocean's Eleven og Ocean's Twelve og Solaris.

Sex, Lies, and Videotape blir ganske annleis samanlikna med dei eg har sett, ettersom han er mykje meir jordnær og menneskeleg. Det er ikkje noko omfattande og kriminelt som i Traffic eller utanomjordisk som i Solaris. Dette kunne ha skjedd i nabolaget ditt, iallfall i verste fall. Det kunne for så vidt Traffic òg.

Eg likte iallfall denne filmen mykje betre enn Traffic. Eg klarte å få kontroll på handlinga her, og karakterane samtala på ein måte som var absolutt fengslande. Det skal heller ikkje leggast skjul på at dei erotiske tema som blir tatt opp i flesteparten av samtalane var interessante.

Samtalen er også det mest interessante for Bill Thompson på Bill’s Movie Emporium (billsmovieemporium.wordpress.com), som meiner filmen undersøker korleis menneske nærmar seg kvarandre gjennom det dei seier og held tilbake. Han er mindre nøgd med delar av avslutninga, men rosar dialogen og fleire av framføringane. Det er mykje av den same grunnen til at eg blir så oppslukt. Dei små utvekslingane gir nok rørsle til at eg ikkje saknar noko større eller meir omfattande rundt dei.

Tidlegare har eg nemnt at eg ikkje likar Andie MacDowell. Men her var ho ikkje eit problem. Rett nok tykker eg framleis ikkje at ho er noko særleg pen, men det er vel kanskje ikkje direkte sakleg å skrive om i denne samanhengen.

Peter Gallagher er som alltid stilig, og med eit bilde av han danna gjennom The O.C. så klarar eg ikkje førestille meg han som nokon dritsekk, uansett kva han gjer her. All ære til mannen med dei store augebryna, og Steven Soderbergh, og alle dei andre.