Hopp til hovedinnhold
Plakat for Shi mian mai fu (2004)

Shi mian mai fu

Film
4

Som stor fan av kampsportfilmar såg eg fram til denne filmen heilt frå første gong eg høyrte om han.

Yīngxióng er ein av filmane eg set høgt, og med Shi mian mai fu som den nyaste filmen til regissøren bak Yīngxióng, Yimou Zhang, hadde eg store forventningar. Det var ikkje så mykje slåsting som eg hadde trudd det kom til å bli, men likevel ein god del. Det romantiske var sentralt i filmen, både i historia og bilde.

I Yīngxióng handlar det meir om kampar, og det romantiske var meir i bakgrunnen. Ein fin ting med filmen er at han, i desse dagar med mange spesialeffektar, ikkje overdriv med altfor fantastiske rørsler. Sjølv om det nok er litt. Filmen er elles vakker og strålar med god fargebruk. Handlinga er lagt til hausten, som i Yīngxióng, så Yimou Zhang har flittig brukt haustfarga tre i bakgrunnen.

Fargane og dei rolege bileta får mykje ros på The Cameraman (cameraman.video.blog), men skribenten meiner færre kampar enn i Yīngxióng gjer at historia stundom dreg ut. Omtalen legg òg merke til kor tydeleg dei digitale effektane følger dolkar og piler gjennom lufta. Det nyanserer inntrykket mitt av dei nokså avgrensa overdrivingane. Zhang Yimou brukar framleis det fantastiske, sjølv om eg først og fremst sit att med romantikken og den vakre fargebruken.

Filmen er også kjent som House of Flying Daggers.