Hopp til hovedinnhold
Plakat for Snabba cash II (2012)

Snabba cash II

Film
3

Snabba cash II er den andre av tre Snabba cash-filmar som kom tidleg på 2010-talet. Det er ein film som følger opp karakterane frå den første filmen ei lita stund etter handlinga i den første filmen blei avslutta.

Med denne filmen er det rett i krim og thriller med ein gong. Snabba cash gjorde unna introduksjonen til det kriminelle miljøet som me no blir dratt mot igjen. Eg såg denne filmen dagen etter den første, så for min del blei det litt som å sjå ein serie. Då er det litt vanskeleg å skrive om han som ein sjølvstendig film, men eg skal forsøke. Trass i at du bør ha kjennskap til karakterane på førehand, trur eg handlinga her fungerer godt på eigne bein. Ny handling blir introdusert, og nokre nye karakterar til å bistå.

Totalen for min del er iallfall at dette er god spenning og underhalding frå start til slutt. Filmen er litt kortare enn forgjengaren sin, noko som passar godt då han kjem tidlegare i gong med det mest dramatiske.

Daniel Hofverberg på Dubbningshemsidan (dubbningshemsidan.se) er meir lunken til oppfølgaren. Han meiner JW og Jorge har færre nyansar enn før, og at filmen tidvis mistar engasjementet. Eg blir meir oppteken av spenninga og den raskare starten. Det er likevel ei relevant innvending når den første filmen har gjort så mykje av arbeidet med å introdusere desse menneska. Me vil gjerne få meir av dei, også når handlinga blir meir intens.

Likte du Snabba cash så kan du trygt følge opp med Snabba cash II. Men har du ikkje sett den første filmen, ser eg ingen grunn til at du skal gå rett på denne.