
Song of the South
Song of the South er ein film Disney aldri har gitt ut på heimevideo eller strøyming i USA. Det er sjølvsagt ein god grunn til å søke han opp. Eg er ikkje sikker på om det seier mest om filmen eller om nysgjerrigheita mi, men eg såg han.
Song of the South frå 1946 blandar levande bilete med animasjon. Filmen er sett til Sør-USA i rekonstruksjonstida etter borgarkrigen. Han følger sjuåringen Johnny (Bobby Driscoll) som kjem på besøk til bestemora si plantasje. Der blir Johnny venn med Uncle Remus (James Baskett), ein av arbeidarane på plantasjen. Han lyttar til forteljingane hans om Br'er Rabbit, Br'er Fox og Br'er Bear. Historiar som blir formidla til oss som animasjonsfilmar.
Eg gjekk inn med ei forventning om at rasismen ville vere openberr. Det var ho ikkje, heilt. Iallfall ikkje på nivå med The Birth of a Nation. Kanskje kjennskapen min til tematikken er for dårleg. Etter å ha sett filmen måtte eg lese meg opp for å forstå kritikken.
Eit interessant perspektiv kjem frå Charles Solomon på Los Angeles Times (latimes.com), som i 1986 skreiv om korleis filmen romantiserer Sørstatane. Han peikar på at dei svarte karakterane stort sett finn seg i urettferdig behandling utan å protestere, medan plantasjelivet blir framstilt som harmonisk og idyllisk. Det er kanskje nettopp dette som gjer rasismen mindre openberr ved første augekast. Problemet er ikkje nødvendigvis det filmen viser, men det han vel å ikkje vise.
Alt ved premieren i 1946 var filmen kontroversiell. Det er altså ikkje berre eit spørsmål som har dukka opp i vår tid.
Bortsett frå den historiske bagasjen er Song of the South ein ganske tam barnefilm. Handlinga er tynn, og dei levande sekvensane er det lite liv i. Det er standard og uinspirert. Animasjonssekvensane og skodespelet til James Baskett held eit høgare nivå. Songen Zip-a-Dee-Doo-Dah var lett å få på hjernen.
Sjølv om filmopplevinga ikkje var topp så er det greitt å ha sett han, mest for å forstå diskusjonen rundt han. Men som film er han ikkje særleg interessant.
