Hopp til hovedinnhold
Plakat for Spectre (2015)

Spectre

Film
3

Spectre med Daniel Craig vidarefører stilen som James Bond-filmane gradvis har gått mot, som eit dystrare, meir thriller- og actionprega opplegg heller enn innspel av komedie.

I den fjerde filmen med Daniel Craig som den britiske MI6-agenten held tråden fram frå førre film, Skyfall. Denne måten å starte det på set tonen for heile filmen, og gir meg det kjipe inntrykket av at dette berre er ei fortsetting og ein halv film, og ikkje ei såkalla heilaftans oppleving.

Dette er som Skyfall også ein passe anonym sak. Ideen om organisasjonen SPECTRE er ein James Bond-aktig vri som eg set pris på. Sett forbi nokon kule actionsekvensar, eit visuelt tiltrekkande film og nokon Q-greier, så er Spectre ein film som stort sett er gløymt før han er ferdig.

Nic Lindh på The Core Dump (thecoredump.org) er meir nøgd med filmen, men deler noko av motstanden mot den dystre retninga. Han meiner serien slit med å sameine den plaga hovudpersonen med det store, underhaldande showet. Det er eit interessant poeng. Eg kan sette pris på bileta og enkelte actionstunder, men treng meir enn ei fortsetting av dei gamle problema for å kjenne at dette blir ei eiga oppleving.