Hopp til hovedinnhold
Plakat for Star Trek II: The Wrath of Khan (1982)

Star Trek II: The Wrath of Khan

Film
3

Star Trek: The Wrath of Khan er den andre Star Trek-filmen, og kom tre år etter Star Trek: The Motion Picture.

Kirk, Spock og resten av mannskapet på romskipet Enterprise møter på Khan, eit supermenneske og resultat av genetisk ingeniørkunst frå slutten av 1900-talet. Khan var ein skurk som dukka opp i ein episode av serien Star Trek, og som etter det har vore i eksil i 15 år på ein planet langt borte. Han er hemnlysten på Kirk som sendte han i eksil. Og når eit romskip, uvitande om at han er til stades, landar på planeten hans får han ein utveg.

Det blir vidare ein kamp mellom intellektet til Khan og erfaringa til Kirk som styrer filmen. Både livet til Kirk og eventuelt alt anna liv står på spel. For kampen står og om å få kontroll over Genesis, ei bombe som er laga for å skape liv ut av ingenting, eventuelt ta livet av alt som finst i eit område i verdsrommet og skape nytt.

Denne gangen var eit gjensyn med Star Trek: The Wrath of Khan. Etter det eg kan hugse var filmen betre første gang, og sjølv om han framleis er god, er det ikkje ein film som utmerker seg. Det er mest på grunn av karakterane og universet at eg er interessert. Spenninga er ikkje den største, og er nok grunnen til at eg ikkje blir oppslukt.

Marc Ivamy på The Wrath of Blog (the-wrath-of-blog.blogspot.com) blei heller ikkje heilt overtydd av ryktet som ein av dei beste filmane i serien. Han finn interessante idear og fine effektar, men synest actionen er dempa og opplevinga meir triveleg enn oppslukande. Det er lett å kjenne igjen. Eg har glede av personane og verda dei høyrer til i, men sjølve oppgjeret gir ikkje den ekstra spenninga som skulle til for å løfte gjensynet.