Hopp til hovedinnhold
Plakat for Steep (2007)

Steep

Film
4

Steep angrip verda til ekstremskisporten slik First Descent gjorde det med snøbrett. Viss du ikkje har sett First Descent så seier dette deg lite eller ingenting, men det betyr altså at Steep er ein nydeleg sportsfilm i behageleg tempo som tillegg vekt i sporten og miljøet rundt. Nydeleg som i at det er proffe kameramenn og redigeringsarbeid og ikkje minst at filmen har fått musikk komponert for seg. Oppbygginga gjer også at det stadig blir meir dramatisk etter kvart som me følger sporten gjennom åra kronologisk med litt historie.

Her er det også nerve som pressar meg ekstra godt bak i stolen. Naturen som blir framstilt er av den mektige og farlege typen. Dette blir stadfesta av kommentator og ikkje minst utøvarane som trassar farane, men ikkje i dømmande kraft. Faren kan, som dei andre faktorane, vere både eit hinder og ein grunn til å leve draumen om å flyte ned bratte, snødekte fjellsider. Det er eit forsøk på å skildre det useielege. Filmen får likevel fram at det er ei drivkraft. Steep er utan tvil romantiserande, ein film som dette skal vere det synest eg, for han skal klare å appellere til fleire enn berre skifolket, han skal vere litt på kanten og gi ei levande kjensle.

Store ord om ein stor film. Steep har eit par små minus, mellom anna at orda blir for store innimellom. Litt for store til å svelje. Men få filmar gir meg ei sitrande kjensle og held på henne så lenge som denne. Eg trur denne kan nå både dei som likar filmar med natur, med eventyrlystne menneske, så vel som dei som vil sjå han for skiståinga sin del.

Romantiseringa er eit ankepunkt for Nick Schager på Slant Magazine (slantmagazine.com). Han vedgår at opptaka gir eit sug i magen, men saknar ei grundigare gransking av kvifor utøvarane stadig oppsøker faren. Der stiller eg andre krav til filmen. Eg vil kjenne litt av draget mot fjellet, og meiner dei mektige bilda og forteljingane gir meg det, sjølv om dei store orda stundom blir i meste laget.