
Step Up 3D
Step Up 3D er endå litt meir prangande og har litt mindre substans enn tidlegare Step Up-filmar. Men det går greitt.
Moose frå Step Up 2: The Streets er den innleiande protagonisten. Etter kvart blir eg usikker på kven som er den viktigaste og bærande karakteren, og denne mangelen på fokus kan også opplevast i andre delar av filmen.
Historia her er om ei gruppe som må vinne ein konkurranse. Og om nokon karakterar med privat drama. For meg som har sett kostymefilmen The Warriors framstår Step Up 3D som ein moderne variant av dette komiske opplegget. Eit forsøk på å vere kul, som fell litt under ein stol, men som blir vekta opp av karakterar som er lette å like.
Eg kunne tenke meg eit sterkare grunnlag. Ein karakter med ein problematikk som bygde opp undervegs i heile filmen. Dansinga er derimot den primære tidsbruken, og det blir litt lite tid til å bygge opp anna historie. Eg meiner at mindre dansing og meir oppbygging hadde gjort dette meir spennande.
Kent Tong på Four Kents (fourkents.com) ser også ei enkel og føreseieleg historie, men meiner dansinga løftar filmen godt over det gjennomsnittlege. Han likar dessutan at fleire karakterar får plass, sjølv om romantikken mellom Moose og Camille verkar påtvinga. Eg opplever denne fordelinga meir som mangel på fokus. Dansen kan gi energi, men eg skulle gjerne hatt ein tydelegare personleg tråd å følge mellom alle nummera.
Poenget i mitt skriv om filmen er at dei rette elementa er på plass, men fordelinga er feil. Det med at filmen er smått komisk, prøver å vere kul og slikt er ikkje meir enn underhaldningsverdi for min del.
