
Stick It
I motsetning til kameraføringa og klippinga til denne filmen vil ikkje dette innlegget bli fancy. Eg har lite til overs for filmar som Stick It. Framstillinga av den tidlegare idrettsjenta er glorifisert. No er ho überpunka og gjer eit nytt, ufrivillig forsøk på turnarenaen. Utanom dette er det iallfall tre ting eg kan like. Det er Missy Peregrym, scena med Electric Six sin song Dance Commander i bakgrunnen og ei scene der Missy Peregrym må ty til tårene. Eg tyr sjeldan til tårer under filmsjåing, men sistnemnde var ei vakker scene.
Filmen klarar elles ikkje vekke særleg interesse, men gir ein lite smakebit av korleis livet for turnjenter er, om du ser forbi alt tullet som er lagt til for å gjere det interessant og skape ein film av det. Litt breiddekunnskap har aldri skada nokon, men eg har fått min dose hopp og sprett frå den kanten av idrettsverda med dette.
Eit mykje meir positivt syn finst hjå Daniel Mumby på Mumby at the Movies (mumbyatthemovies.blogspot.com). Han meiner filmen let jentene vere samansette personar og kritiserer krava i turnmiljøet utan å bli ein preikefilm. Missy Peregrym får dessutan mykje ros. Ho er også eit lyspunkt for meg, men det glorifiserte opplegget og den påtrengande stilen kjem i vegen. Nokre gode enkeltscener klarar ikkje å vekke nok interesse for resten.
Stick It hamnar i same bås som dansefilmen Honey. Ei søt jente spelar talent. Det er synd eg er ikkje klarte å oversjå at Stick It skor seg på gammaldags filmteknikk ved å skjule ansiktet til utøvaren som skal representere karakteren til Missy Peregrym.
Eg har dessutan bestemt meg for å ta meir i bruk det nedste steget på skalaen, så samanlikna med mykje anna eg har sett i det siste blir eg litt strengare med denne filmen. Han er ikkje totalt bortkasta tid, men dårleg nok.
