
Teenagers from Outer Space
Teenagers from Outer Space er ein av dei verkeleg klassiske B-kalkunane. Enkel gang i handlinga, dårlege skodespelarar, elendige effektar. Ingenting er på plass her, noko som sjølvsagt gjer det til strålande underhaldning.
Dette var svaret på Diabolik på Katakombefilm i 2007 blei det sagt. Teenagers from Outer Space ligg trygt nærare morosam dårleg enn kjedeleg dårleg. Greia med at romvesen som ser ut som eit menneske kjem til jorda for å oppdra dyr med ein utsjånad lik hummar er god. Det er likevel skodespelarane si handtering av dei som skapar mest latter.
Dei elendige effektane og skodespelet får også mykje merksemd på ADORESIXTYFOUR (adoresixtyfour.blogspot.com), men der blir filmen stort sett avskriven som latterleg dårleg. Eg får meir glede ut av dei same manglane. Når både hummarane og dei menneskelege reaksjonane er så langt frå overtydande, hamnar dette for meg på den morosame sida av kalkunen, framfor å bli ei rein prøving av tolmodet.
Til å vere ein film frå ein pakke med 50 filmar i så er eg fornøgd.
