
Terrore nello spazio
Terrore nello spazio av Mario Bava serverer humor på lik linje med Diabolik, med sine banale dialogar og fjern handling.
To romskip landar på en ukjent planet som har sendt ut signal over ein lenger periode. Målet med turen er å finne ut kven som sender desse signala. Det blir spekulert i om radioaktivitet eller noko anna kan vere årsaka. Så blir det plutseleg klart at signala må komme frå intelligent liv. Filmen framstiller det som om noko anna aldri har vore påstått.
Både på veg til landinga og på planeten skjer det uforståelege ting som heller ikkje infraraudt utstyr har fullstendig kontroll over. Etter å ha sett to Mario Bava-filmar så er det vel trygt å seie at fyren har ein fascinasjon for infraraud teknologi. Han kan visst brukast til alt.
Kulissene verkar gjennomførte og stilistiske, likevel om dei ikkje alltid er så truverdige, men teknologi som mobilklokker med kamera er jo ikkje anna enn eit veldig godt framtidsretta syn frå den kanten.
Også skribenten på ShenaniTims (shenanitims.wordpress.com) finn mykje av sjarmen i møtet mellom det truande og det tullete. Han meiner kulissene kan sjå billege ut utan å bli dårlege, fordi det visuelle uttrykket held saman. Det er lett å kjenne att. Eg treng ikkje tru fullt på teknologien eller planeten for å ha glede av kor stilisert det heile er, særleg når kameraet og musikken slår til i lag.
Elles fungerer musikken og kamera i perfekt harmoni, og eg simpelt hen elskar bruken av å zoome inn bilde veldig fort kombinert med slagkraftig umiddelbare musikk.
Den engelske tittelen på filmen er Planet of the Vampires. Det morosame med tittelen Terrore nello spazio er at filmen faktisk ikkje har vampyrar med i heile tatt. Tittelen er det 16. i rekka av tittelforslag. Terrore nello spazio på ei anna side betyr jo Terror i (verds)rommet, som for så vidt passar betre til filmen.
