Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Adjustment Bureau (2011)

The Adjustment Bureau

Film
4

The Adjustment Bureau er regidebuten til George Nolfi, manusforfattar til The Bourne Ultimatum og The Sentinel. Det er ein vellykka adapsjon av ei Philip K. Dick-novelle, ein forfattaryndling i Hollywood som kanskje er mest kjent for å ha skrive romanen som Blade Runner og novella som Total Recall har sine utspring frå.

At dette er ein vellykka film er ikkje opplagt. Han bygg på eit romantisk møte og eit kontrollorgan som styrer skjebnen til menneska. På papiret er utfoldinga av denne kombinerte historia rett fram og ikkje fullt så spennande, men gjennomføringa med rett timing og nok dveling ved dei rette dilemma gjer at filmen får ein suggerande effekt.

David Norris (Matt Damon) er protagonisten. Han er nære ved å bli valt til senator, men øydelegg for seg sjølv. Like etter nederlaget møter han Elise Sellas (Emily Blunt) som han blir forelska i ved første møte. Desse to hendingane blir til parallelle trådar som filmen bygger på. I begge må the adjustment bureau, ei høgare makt eg skal røpe lite om, hindre at handlingane får feste og utviklar seg.

The Adjusment Bureau er ei fin blanding av science fiction, thriller, romantikk og litt action. Han har ei langvarig og interessant oppbygging og vekslar fint mellom det som skin gjennom glanspapiret som ein mytologi frå Philip K. Dick og det som er meir konvensjonelle studiofilmgrep og emosjonelle krokar for publikum å hekte seg på.

Samtidig som filmen er sprek og tidvis vekker nysgjerrigheita så er det mangel på dei største augneblinkane som kunne ha definert filmen som viktigare enn rein underhaldning.

Blandinga gir langt mindre glede på PG Tips on Films (pgtipsonfilms.com). Skribenten meiner kjærleikshistoria blir for klisjéfylt, og at spørsmålet om fri vilje berre blir handsama på overflata. Eg får meir ut av gjennomføringa enn dette. Filmen treng ikkje gi eit stort svar på lagnaden når timinga og dei romantiske krokane held nysgjerrigheita i gang, sjølv om dei verkeleg store augneblinkane manglar.