
Total Recall
Basert på ei novelle av Philip K. Dick, som mange andre science fiction-filmar inkludert Minority Report og Paycheck.
Med Arnold Schwarzenegger, og eit hav av morosame kommentarar. Tanken om at det er ein god forfattar som står for inspirasjonskjelda var nok det som fekk meg til å sjå filmen i første omgang.
Det er ein underhaldande film, og i staden for at alt er i dataanimert, som i den dårlege filmen The Island, får me ein større porsjon ekte kulisser og køyretøy. Eg påstår ikkje at kvaliteten her er topp når det gjeld alt det der, men det gir i det minste ei særeiga stemning.
Så vurdert i underhaldningsverdi, spenning og på engelsk tale med austerisk aksent, så er eg rimeleg fornøgd.
Daniel Mumby på Three Men on a Blog (threemenonablog.blogspot.com) meiner dei fysiske effektane gir filmen ei tyngd som passar den harde verda. Han rosar også korleis actionen blir broten opp av samtalar som held spørsmåla om røyndom levande. Det utdjupar noko av den særeigne stemninga eg likar. Dei rare kroppane og konkrete omgjevnadene gir meir å feste seg ved enn eit glatt effektshow, samstundes som Arnold Schwarzenegger held underhaldningsverdien oppe.
