
The Amazing World of Wallace & Gromit
I denne korte 15 minuttar lange dokumentaren får me ein kjapp introduksjon i suksessen til Wallace & Gromit, anno 1999. Dette er mest sannsynleg ekstramateriale på ei utgjeving, derav den korte lengda.
Dokumentaren har ein overflatisk gjennomgang av filmane A Grand Day Out, The Wrong Trousers og A Close Shave. Men det er likevel eit interessant innblikk. Med langfilm og fleire korte filmar og innslag i ettertid av denne dokumentaren, er ikkje suksessen ei overrasking. Eg er likevel overraska over kor spreidd over heile verda Wallace & Gromit har slått an.
Det internasjonale gjennomslaget er også det Liam Willis festar seg ved i den korte brukaromtalen sin på Letterboxd (letterboxd.com). Han trekker særleg fram dei japanske intervjua, der filmane blir oppfatta som eit realistisk bilete av britisk kvardagsliv. Det er ein artig inngang til det eg sjølv blei overraska over. Sjølv ein overflatisk dokumentar kan gi eit interessant innblikk i kor ulikt dei same figurane blir mottekne.
