Hopp til hovedinnhold
Plakat for The American President (1995)

The American President

Film
2

The American President kom i 1995. Filmen var regissert av Rob Reiner og manus var skrive av Aaron Sorkin. Aaron Sorkin er kanskje mest kjent for The West Wing, ein serie som har noko av den same tematikken som The American President.

Michael Douglas er presidenten i USA som har vore enkemann i nokon år. Annette Bening dukkar opp som kjærleiksinteressa til presidenten. Personlege og nasjonale konfliktar oppstår. Stemnemøte er ikkje lett i det kvite hus.

The American President er ein overflatisk og smått kjedeleg film. Ideen om presidenten som får ny kjærast er enkel og grei, men det må meir til. Det er meir i denne filmen, men ikkje nok. Fletta inn handlingar er aldri seriøse nok hinder og eg får aldri inntrykk av at det er meir enn er fyll.

Dialogane er i hovudsak greie også. Men filmen gir seg ut for å vere så mykje meir enn han klarar å bli. Filmen gir forventingar frå første minutt, men innfrir aldri.

Dei gode replikkane er heller ikkje nok for James Berardinelli på ReelViews (reelviews.net). Han meiner manuset prøver å blande romantikk og politikk utan å gi nok plass til nokon av delane. Det er mykje av det same som skuffa meg. Filmen legg opp til at kjærleik og embete skal skape interessante konfliktar, men endar med ei historie som er langt tryggare enn utgangspunktet lovar.

Og som punktum på filmen blir me servert eit makkverk av ein tale med sosialdemokratisk propaganda.