Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Bank Job (2008)

The Bank Job

Film
4

The Bank Job er den hittil ferskaste filmen med Jason Statham, som trass i middelmåtige actionfilmar i blant framleis er ein av dei råaste skodespelarane i Storbritannia. Det er òg Roger Donaldson sin ferskaste film. Han er filmskaparen bak den flotte The World's Fastest Indian. Her held han seg i fortida då han igjen har laga film basert på ei sann historie med rot i nokre tiår tilbake.

Etter ei frisk opning med puppar og naken hud i mengder openberrar det etter kvart seg ei historie. Terry Leather (Jason Statham) er ein mann med ein bilforretning og gjeld. Han får sjansen gjennom ein gammal kjenning til å få tilgjenget på raske pengar ved å rane ein bank. Kjenningen har eit anna motiv for ranet enn pengar og smykkar, nemleg eit sett med kongelege nakenbilde. I denne delen av historia vert det bygd inn handling nok til å styre The Bank Job unna å verte ein rett fram bankransfilm.

Elegant utførd i eit 1970-talmiljø som aldri vert for mykje av det gode er dette ein fin og litt røff film, i kontrast til blankpolert stål og teknologi som i Ocean's-filmane. Sjølve bankranet er hovudbrikka utan at det går på rekning av verken tidlegare eller seinare parti i filmen. Eg tykte dette var ein både spennande og stilig film som heldt godt gjennom 110 minuttar.

På ei anna side legg heller ikkje The Bank Job skjul på at det er ein ransfilm med mange innvikla trådar om utpressing og politisk tilknyting. Det vert aldri om å gjere og slenga setningsvitsar eller vise nærbilde av kjente skodespelarar. Ei viss nerve klarar filmen å halde, delvis takka vere filmmusikk i god stil som ligg trykkande over dei meste intense delane. Heller ikkje her vert det for mykje av det gode.

Spionintrigen gjer mykje av filmen for skribenten på Double O Section (doubleosection.blogspot.com). Overgangen frå planlegging til dei mørkare følgene av ranet blir opplevd som litt ujamn, men dei mange samansverjingane held interessa oppe. Eg kjenner meg meir att i begeistringa enn i innvendinga mot tempoet. For meg heng delane godt saman, og ranet blir eit naturleg midtpunkt i ei historie som har meir å spele på.