Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Benchwarmers (2006)

The Benchwarmers

Film
2

Eg hadde nok forventa meg litt meir enn dette av The Benchwarmers. Filmtraileren verka passe morosam, og eg trudde det skulle bli i retning av Bad News Bears. Det var kanskje ikkje den beste filmen det heller, men heilt grei til sportskomedie å vere. Som var litt tøff i kantane av ei elles mjuk handling. Men The Benchwarmers manglar fullstendig ein brodd.

Rob Schneider har aldri stått spesielt høgt hjå meg, men verken Deuce Bigalow: Male Gigolo eller The Hot Chick var heilt på jordet etter det eg kan hugse. Jon Heder er ikkje overraskande i same bane som Napoleon Dynamite her, men på langt nær så morosam. Det artigaste gjensynet var nok med Jon Lovitz, kjent for sin repeterande gjesterolle som sjølvmordskandidaten som blei millionær i Las Vegas.

Eg skal nok klare å halde meg unna slike filmar framover. Dette blir den siste i sjangeren til noko utmerker seg. Då må han få god kritikk eller gode tilbakemeldingar frå utvalde sjåarar eg pleier å stole på.

The Benchwarmers får bli som han er, ein film som forventa når det gjeld regissøren Dennis Dugan. Og ein film som forventa når det gjeld tidlegare val av roller av Rob Schneider. Men eit vonbrot når det gjeld lovnaden til filmtraileren.

Dei mange sidehistoriene er også eit problem for skribenten på A Nutshell Review (anutshellreview.blogspot.com). Han synest fleire av dei verken er morosame eller viktige, og at filmen verkar limt saman av lause scener. Slutten gir han likevel ei lita positiv overrasking. For meg er ikkje slike enkeltgrep nok til å erstatte brodden eg saknar. Historia om dei evige taparane kunne hatt noko å spele på, men humoren gir meg for lite tilbake.