
The Charge at Feather River
The Charge at Feather River er ein western frå 1953. Handlinga er lagt til Colorado-territoriet, der ein karakter ved namn Miles Archer blir beden av kavalleriet om å hjelpe til med å redde to kvinner som er kidnappa av cheyenne-indianarar.
Mannskapet han skal leie er for det meste fyllikar, tjuvar og andre som militøre ikkje ville hatt brukt. Det er ein nokså standard redningsekspedisjon gjennom fiendtleg område.
Ein interessant detalj er filmen si rolle i namngivninga av Wilhelm-skriket. Det er ein lydeffekt som først var spelt inn til westernfilmen Distant Drums frå 1951. The Charge at Feather River var den første som brukte lyden etter at han var blitt ein del av lydbiblioteket til Warner Bros. I ettertid har lydeffekten av dette skriket blitt brukt i fleire hundre spelefilmar.
The Charge at Feather River vart opphavleg gitt ut i 3D. Piler, lansar og andre våpen flyg rett mot publikum i fleire scener. Og dette merkar eg òg utan 3D-briller. Eg ser tydeleg dei scenene som er laga for å utnytte effekten.
Det er mogleg å finne sjarm i desse effektane òg. Tim på Just Hit Play (tobrien10.blogspot.com) meiner pilene og lansane mot kameraet fungerer som morosame avbrekk i handlinga, sjølv om han vanlegvis ikkje er glad i 3D. Eg blir ikkje like begeistra, men omtalen hans viser kor mykje slike påfunn kan bety for gleda ved ein enkel western.
Produksjonskvaliteten er ujamn. Enkelte detaljar verkar billige. Steinar som er mjuke blant anna.
The Charge at Feather River slo an blant publikum i 1953, men imponerer ikkje meg.
