Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Evil Dead (1981)

The Evil Dead

Film
4

Sidan Army of Darkness var så underhaldande som han var, så fann eg det like greitt å sjå korleis Evil Dead-serien starta, og gav meg i gong med den første filmen.

Ash, dama og tre andre venner har fått tak i ei hytte på ein tilsynelatande aude plass. Dei reiser ut dit for å sjekke tilstanden på hytta, for å drikke og ha det gøy. Men det viser seg at hytta og skogen omkring er heimsøkt av menneskekjøtetande demonar. Skumle greier.

Samanlikna med Army of Darkness så brukar denne faktisk litt tid på å komme i gang, og har ei oppbygging som er enklare å følge med på. Det er litt knirking, hamring med dører og skumle lydar før det etter kvart bygger seg opp til å bli skikkeleg blodig. Faktisk noko av det blodigaste eg har sett på ei god stund Eg fann meg sjølv i å sitte å seie usj og skjere grimasar av det, som er veldig bra.

Bruce Campbell har ikkje blitt den hardbarka helten han var i Army of Darkness, men er ganske normal i starten. Dei fæle episodane ser likevel ut til å prege han etter kvart, og det blir godt festleg å sjå han spele utover, spesielt mot Richard DeManincor. Eg ser glimtet i auga på dei innimellom.

Skribenten på The Rotting Zombie (therottingzombie.blogspot.com) hugsar først og fremst redsla frå det første møtet, men oppdaga seinare kor mykje svart humor filmen også har. Dei overdrivne påfunna kan altså verke både skumle og komiske. Det passar godt med dei ulike reaksjonane mine her. Eg skjer grimasar av det fæle, men ser samstundes glimtet i auga. Bruce Campbell er med på å gjere denne blandinga underhaldande lenge før helten har funne den hardbarka forma si.