Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Grandmother (1970)

The Grandmother

Film
2

The Grandmother er 34 minuttar med sjølvpining for sjåaren.

Ein liten gut plantar seg ei bestemor i ei seng på loftet, og blir elles mishandla av foreldre med dårleg ordforråd. Dette oppsummerer historia, resten er overlate til bilde å formidle i noko som minnar sterkt om Eraserhead i stil.

David Lynch fekk støtte av American Film Institute til produksjonen. Surrealistisk, forstyrrande og ein kortfilm som krev tolmod.

Det finst likevel ein annan måte å verdsette ubehaget på. Skribenten på Popcorn Flick Picks (popcornflickpicks.blogspot.com) synest filmen er vanskeleg både å forstå og å slappe av med, men får meir glede av han i ettertid. Særleg dei bleike ansikta mot mørkret blir trekte fram som marerittaktige. Me er altså ikkje så usamde om sjølve opplevinga, men for meg veg det forstyrrande tyngre enn utbytet.