Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Hudsucker Proxy (1994)

The Hudsucker Proxy

Film
4

Tredje film ut i mitt firefilmarsmaraton av attverande filmar av Joel Coen og Ethan Coen er ei oppdikta forteljing om oppfinnaren av rockeringen.

The Hudsucker Proxy handlar om ein mann som får sjansen til å bli president i eit gigantisk konsern. Norville Barnes (Tim Robbins) er ikkje den smartaste av menn, men blir også hyra til å drive aksjekursen ned. Filmen fortel historia om talentet til Barnes i forretningsverda og problema som møter han.

Handlinga er sett til eit 1950-talsmiljø. Store delar av filmen er inspirert av 1940-talsfilmar om vanlege menn, som Frank Capra-filmane. Foto ser bra ut, karakterane er ikkje stor å utsette på heller, men når aldri toppen av interesse. Det er få, om nokon, direkte svakheiter å sette fingeren på. Kanskje er fordelinga av dei ulike stadia litt snodig innimellom. Særleg partiet der Barnes oppfører seg som ein dritsekk i toppstillinga, verkar brått med tanke på kor sentralt det er.

Vekslinga mellom to ulike rytmar blir trekt fram på Cap’n Howdy’s Blogorium (capnhowdysblogorium.blogspot.com). Den raske praten til Jennifer Jason Leigh møter den langsame og godtruande Norville, og skribenten meiner blandinga både kan verke usamanhengande og ha stor sjarm. Det er ein interessant måte å forstå det litt snodige uttrykket på. For meg fungerer mykje av stiliseringa, sjølv om historia ikkje alltid gir dei viktigaste endringane hjå Norville like god tid.

Noko var det iallfall som fekk meg til å tenke på dette som ein svakare film av Joel Coen og Ethan Coen enn for eksempel Barton Fink. Likevel skal det seiast at dette er ein sterk film som aldri blir kjedeleg.