Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Matrix Revolutions (2003)

The Matrix Revolutions

Film
2

Den tredje og siste filmen i The Matrix-trilogien,er The Matrix Revolutions. Dette er ein trilogi som ikkje burde ha blitt laga. Men på anna vis kunne eg også latt vere å sjå denne og for så vidt The Matrix Reloaded.

The Matrix Revolutions er eit framhald av den førre filmen. Kvar for seg er dette to lange og kjedelege filmar, og til saman er dei nær uuthaldelege.

Det er pent å sjå på, men det er omtrent alt. Effektane er blåst opp og pregar mykje av bildet. Dette og historia som blir fortalt gir lite rom for fantasien å fylle ut hola, og endar opp med å bli ei påtrengande sak som fører til for mykje passitivitet hjå meg som publikum. Eg ønsker å ha litt å tygge på.

Grant Watson på The Angriest (angriest.blogspot.com) meiner beleiringa mistar kraft fordi filmen brukar så mykje tid på personar me knapt har blitt kjende med. Dei store kampane manglar dermed eit menneskeleg haldepunkt. Det er ein konkret måte å forstå passiviteten eg kjenner på. Effektane kan vere imponerande, men eg treng noko som gir meg lyst til å følge med på meir enn neste bilde. Utan den kontakten blir omfanget mest noko eg sit og ser på.