
The Matrix Reloaded
Ein film som prega bransjen når han kom var 1999-filmen The Matrix. Med tøffe effektar og ei kurant historie som opnar for litt filosofering.
The Matrix Reloaded er den første av to dårlege oppfølgarar. Han tar poenga som den første filmen blei kjent for, og drar det lengre. Både i tid, då denne og framhaldet The Matrix Revolutions har ei samanhengande historie, og i effektbruk og forklaring på kva The Matrix-universet er.
Eg har to ting å seie om denne, og det er at han er kjedeleg, men pen å sjå på.
På Philosophistry (philosophistry.com) blir The Matrix Reloaded vurdert som svakare film enn originalen, med utstrekte filosofiske avbrot og fleire keisame parti. Samstundes finn skribenten mykje glede i tankane universet set i gang etterpå. Det er eit interessant skilje mellom filmen og alt rundt han. Eg finn ikkje nok i sjølve opplevinga til at det vakre uttrykket held. Men eg kan forstå at andre får meir igjen dersom spørsmåla lever vidare etter rulleteksten.
