
The Notorious Bettie Page
Ein heilt grei biografisk film om den populære pin up-modellen Bettie Mae Page på 1950-talet. Ei litt naiv og smart, ung kvinne som ikkje føler at det nokon har glede av skal vere en synd.
Filmen er passe moderat som biografisk film samanlikna med filmar som Walk the Line. Han klarar aldri å involvere meg på noko emosjonelt plan. Han når aldri dei høge toppane, men søkk heller ikkje til eit lågt nivå. Eg vil seie at det er ein heilt grei film, men som det ikkje er nøye at vil forsvinne i havet av så mange andre greie filmar.
Gretchen Mol gir filmen meir liv for skribenten på Adoresixtyfour (adoresixtyfour.blogspot.com). Han meiner små blikk og rørsler får fram både intelligensen og uroa til Bettie Page, sjølv om biografien ikkje går særleg djupt. Eg sit att med mindre. Det moderate uttrykket blir aldri direkte dårleg, men eg saknar noko som involverer meg sterkare enn dette velordna portrettet. Ei respektfull framstilling er ikkje alltid nok til at filmen gjer inntrykk.
