Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Party (1968)

The Party

Film
3

Som tittelen tilseier så blei det ein komedie av Blake Edwards, med Peter Sellers i hovudrolla, som fekk æra av å avslutte den første halvdelen av turen mot tusen innlegg på Filmdagbok. 500 sette filmar sidan mars 2004, og dette er det første ekte Peter Sellers-komedien eg har sett. Being There er nok også ein komedie, men ikkje typisk for Peter Sellers.

Vår morosame venn spelar Hrundi V. Bakshi, ein indisk skodespelar i Hollywood som ikkje kan unngå å lage kaos. Etter å ha øydelagt delar av ei filminnspeling på katastrofalt vis blir han ved eit uhell ført opp på ei invitasjonsliste til produsenten bak filmen i staden for på svartelista. Når han så møter opp på denne festen, som filmen spelar seg rundt, så er det nøydd til å skje mykje rot, uhell og liknande.

Filmen baserer seg på lett humor som på godt norsk blir kalla for bløtkakehumor (fysisk humor) og Hrundi sitt forsøk på å passe inn i det amerikanske samfunnet. Han framstår som ein uintelligent skapning til tider, og har ein fantastisk aksent, Indian English på sitt beste.

Når bløtkakehumoren i tillegg er av den betre sorten, og balanserer midt i mellom slapp og overdriven, så er det duka for vel 100 minuttar med god komedie.

Daniel Mumby på Three Men on a Blog (threemenonablog.blogspot.com) peikar på korleis eitt uhell fører vidare til det neste, slik at filmen får flyt framfor å bli ei samling lausrivne nummer. Han saknar fyldigare personar, men meiner humoren stort sett held. Det er ei god utdjuping av balansen eg likar. Kaoset veks, men fram til det verkeleg tek av, får dei små pinlege situasjonane rom til å gjere jobben sin.