Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Pirates! In an Adventure with Scientists! (2012)

The Pirates! In an Adventure with Scientists!

Film
3

Eg likar Aardman Animations. Då er det gjerne punktfotograferingsanimasjonane eg heller mot, sjølv om Flushed Away gleda meg stort i 2006 som fullstendig dataanimert. I denne filmen blir både punktfotografering og dataanimasjon blanda. Det ser lekkert ut.

Filmen har med The Pirates! In an Adventure with Scientists! eit ganske sprekt namn etter min meining. Han handlar om eit passe udugeleg mannskap om bord ei sjørøverskute. Dei må verkelege trå til om dei skal ha ein sjanse til å vinne prisen for dei beste piratane i løpet av året. Dette fører til nokon sjansar og snodige eventyr, som blir proppa full av morosame figurar, hendingar, referansar, ordspel og biletlege ordspel.

Eg tykker at det blir i overkant, rett og slett fordi det blir pøsa på med så mange billege poeng. Kanskje eg forventa noko meir subtil humor som i Wallace & Gromit, men dette fell berre greitt i smak.

Stephen Watson får langt meir glede av mengda med påfunn på Just Another Movie Blog (dillypogo-reviews.blogspot.com). Han rosar både slapsticken og dei små bakgrunnsvitsane, og meiner den stadige kreativiteten gir filmen liv. Eg ser det imponerande arbeidet, men blir mindre underhalden av alt som blir kasta inn. For meg hadde nokre færre og betre poeng gitt meir rom for sjarmen.