Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Princess Switch 3: Romancing the Star (2021)

The Princess Switch 3: Romancing the Star

Film
2

Forventingane til denne var ikkje så høge etter The Princess Switch: Switched Again, men eg enda opp med å sjå filmen likevel. Det å sjå julefilmar, og gjerne dårlege julefilmar, har blitt noko av ein tradisjon. Talet sette julefilmar i 2021 blei lågt, men denne svake oppfølgaren fekk ein plass. Og nok ein gong skal Vanessa Hudgens spele fleire karakterar som liknar. Det er litt gjesp, og det ser billeg ut. Dessverre er det ikkje dårleg morosamt.

Ein langt meir positiv reaksjon finn eg hos Lisa Dawn på The Princess Blog (theprincessblog.org). Ho meiner Fiona får meir djupn når ho blir hovudperson, og at spionhistoria gir serien eit friskare preg. Eg ser at det kan vere ei fornying av oppskrifta, men for meg er ikkje desse endringane nok. Det velkjende trikset med dei like karakterane verkar framleis nokså utbrukt.