
The Station Agent
Filmen er som hovudpersonen Finbar, litt knapp på dialog, men dette gjer at eg får god tid til å legge merke til det som gjer filmen så god og roleg. Fantastiske bildeutsnitt får meg til å føle ei god ro, samt av og til trekke på smilebandet.
Viss du er på jakt etter den type komedie som berre er ute etter å tene pengar utan å formidle noko av meining, ein masseprodusert Hollywood-komedie med sine setningsvitsar, så bør du skugge unna. Humoren her er ikkje nødvendigvis intelligent, men han er nok meir retta mot den ettertenksame.
Folka føre kamera verka velvalt. Peter Dinklage framstår som ein tilbaketrekt, men likevel ikkje patetisk, toginteressert mann. Michelle Williams, kanskje mest kjent frå serien Dawson's Creek, dukkar opp som bibliotekar. Og Bobby Cannavale gir oss livsglade, men innerst inne litt meir seriøse, Joe. John Slattery stikk hovudet innom døra, som den stramme dressen David, ei rolle som verkar som han er teken direkte frå serien Jack & Bobby, likevel om serien kom først året etterpå.
Samspelet mellom Peter Dinklage og Bobby Cannavale er eit høgdepunkt på The Flick Chick (flickchickcanada.blogspot.com). Skribenten meiner den eine si lette framstilling av ein alvorleg mann passar perfekt mot den andre sitt stadige overskot av energi. Filmen får dessutan ros for å la menneska bestemme tempoet. Det passar med roa og den ettertenksame humoren eg finn her. Forskjellane mellom dei treng ikkje bli store komiske nummer for at møta skal gi noko.
Dette var verkeleg ein film som fall i smak.
