Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Straight Story (1999)

The Straight Story

Film
4

The Straight Story er for meg ein ganske så spesiell film. Det er den første David Lynch-filmen eg har sett og fortstått. Det er ein rett fram film om ein mann som har fått beskjed om at broren har hatt slag. Han legg ut på ei 500 kilometer lang reise for å vise at 10 år utan kontakt stille mellom dei på grunn av krangel ikkje er ein verdig måte å avslutte livet på.

Hovudrolla i filmen, Alvin Straight, spelt av den no avlidne Richard Farnsworth, bygg ein tilhengar og legg i veg med ein plenklyppar av merket John Deere som går i knappe åtte kilometer i timen. Grunnen til at han bruker plenklyppar ligg i at han aldri har teke sertifikatet, og for så vidt har dårleg syn.

Turen frå Laurens, Iowa til Mt. Zion, Wisconsin er hovuddelen av filmen. Det er ei reise der Alvin møter mange sympatiske folk som han både deler livskunnskap og historier med. Alt skjer i eit tempo lik John Deere-plenklypparen, noko som er veldig behageleg servert med nydeleg filmmusikk av Angelo Badalamenti.

Filmen sparar heller ikkje på pene montasjar, som er med på å bidra til å gi ein god ro i filmen. Eg får lyst å trekke parallellar med The Station Agent, likevel om The Straight Story er hakket rolegare, og hakket meir alvorleg.

Richard Farnsworth sitt nærvær er avgjerande på The CineFiles (cinefilestv.blogspot.com). Skribenten meiner han held merksemda sjølv når han knapt gjer noko, og at den enkle historia unngår å bli for søt. Det passar godt med roa eg finn i filmen. Landskapet og musikken gir rom rundt ein mann som ikkje treng å forklare alt heile tida, og dermed kan også dei små møta få god plass utan at reisa kjennest tom.

Sjølv om dette er nok ein film frå Disney basert på ei sann historie, så det er ingen grunn til bekymring. Dette er ikkje eit typisk Disney-drama. Og om eg verkar negativ til Disney-drama, så er det fordi eg så langt har fått eit middelmåtig inntrykk av filmane frå den kanten.