
The TV Set
The TV Set med David Duchovny blei den andre filmen i dag. Han tar for seg heile prosessen frå idé til pilotepisode i amerikansk nettverkssamanheng. Meir spesifikk korleis ein briljant idé blir mørkbanka og pressa inn i eit format.
Dette er ein komedie med botn. Kanskje ikkje av den hysteriske typen som vil fengje alle, men for folk med store tv-interesse så er dette ein god film. Gode skodespelarar burde trekke opp for andre òg.
David Duchovny versus Sigourney Weaver er eit festleg skode. Sistnemnde bankar ut Meryl Streep i The Devil Wears Prada på bitch-skalaen så det susar.
Sigourney Weaver får òg stor plass i lovorda frå Jen Johans på Film Intuition (reviews.filmintuition.com). Ho meiner skodespelaren nesten blæs resten av ensemblet av skjermen, og rosar kor alvorleg den absurde dialogen blir spela. Det er mykje av moroa her. Den systematiske nedbrytinga av ein god idé blir meir treffande når folk oppfører seg som om alt dei gjer er heilt rimeleg.
Oppbygginga til filmen er nok ein av dei sterkare sidene. Dette er ein ekte prosess som blir forklart over 90 minuttar, hoppar i tid ved dei rette plassane og får med seg essensen på ein måte som både informerer, kritiserer og underheld. Når filmen har eit mål så blir det mykje artigare å sjå på enn om det skulle vore ei laus historie basert på tv-nettverksarbeid.
Kvifor filmen ikkje har fått så mykje omtale etter at han blei lansert i april kan hende har noko å gjere med at Fox er involvert. Dei var som kjent involvert i lanseringa av Idiocracy tidlegare i år, som også var ein kritiserande film på eit underliggande nivå. Men dette er berre mine spekulasjonar.
