Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Devil Wears Prada (2006)

The Devil Wears Prada

Film
3

Kvifor djevelen ikkje bruker Gucci eller Dolce & Gabbana er ein formalitet. Det skal ikkje eit trent auge for å få med seg at The Devil Wears Prada har fått handa på ein solid haug nydelege og mindre pene klede, nydelege som kleda til Anne Hathaway for å vere spesifikk.

Filmen køyrer stil framfor det meste anna, og er kanskje ein av dei beste dramakomediar i år i sin sjanger. Då tenker eg i ei gruppe filmar som omsluttar Friends with Money og The Break-Up.

Meryl Streep som djevelen sjølv er ikkje til å unngå, og opningssekvensen er ein av dei betre i sitt slag. Men det er Anne Hathaway som er stjerna her. Ho har ein karakter som passar perfekt inn som Andrea før og Andrea etter. Meryl Streep spelar berre på å halde maska, og likevel om det er nok, så er det ikkje den mest imponerande jobben som er gjort i filmen.

Andrea si forvandling er lett å følge, men står det nok på spel? Don Perlgut på Don Perlgut’s Blog (donperlgut.wordpress.com) finn filmen underhaldande, men meiner hovudpersonen aldri verkar verkeleg truga av vala sine, og at interessa derfor blir mindre. Eg blei meir nøgd med balansen. Anne Hathaway får både den usikre og den stilmedvitne Andrea til å fungere, utan at filmen treng dei store kjensleutbrota eg hadde frykta.

Eg vart faktisk overraska over at filmen var så god som han var, for eg hadde ikkje forventa meg ein sopass balansert film, men heller fleire og mange opne utbrot av kjensler. Noko som ikkje nødvendigvis er så dumt, men fort ville ha blitt typisk.