Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Wolverine (2013)

The Wolverine

Film
3

X-men-filmen The Wolverine frå 2013 var ein eg trudde eg hadde sett. Men under det eg trudde skulle bli eit gjensyn blei eg i tvil, og det var ingen spor etter filmen her på Filmdagbok heller. Greit nok i grunn, då blei filmen ei ny oppleving.

Det er ikkje rart det blir kluss, for dette er ein av tre X-men-filmar om Wolverine frå Marvel, og han ligg ikkje så langt unn 2009-filmen X-Men Origins: Wolverine i tittelen. Men trass i ein generisk tittel, som elles også Logan frå 2017 har fått, så er dette ei forteljing som tek utgangspunkt i at me allereie kjenner til Wolverine.

I det som like gjerne kunne heitt The Wolverine in Japan, så får me ei historie som står på eigne bein frå start til slutt. På grunn av hendingar som Wolverine var del av under andre verdskrig, blir han invitert tilbake til Japan i nyare tid. I det som skjer vidare bygger historia på kreftene til Wolverine, maktkamp i ei familiebedrift, litt kjærleik, farlege motstandarar og ein del meir.

Det er ein komplett film med mykje variasjon, så underhalding får me nok av. Det er ikkje noko spesielt å seie utover dette. Filmen kjennest kanskje litt billeg ut i blant, eller tek nokre enkle val, og resultatet blir ikkje heilt topp. Det held likevel nok til at eg rangerer han litt over midt på treet.

Japan gir også filmen eit friskt utgangspunkt for Jake Kring-Schreifels på Peanuts and Popcorn (peanutsandpopcorn.wordpress.com). Han likar det meir personlege blikket på Logan, men meiner avslutninga glir over i velkjend og rotete superheltaction. Det utdjupar dei enkle løysingane eg reagerer på. Når filmen først har funne ei eiga stemning, er det synd at han ikkje held betre fast på henne.