
Threads
Threads er ein liksomdokumentar om etterverknadane av atomkrig. Tematisk sett ligg han ikkje langt unna The Day After som eg såg nyleg, men på grunn av forma blir inntrykka noko annleis.
Sheffield på midten av 1980-talet. Gjennom eit par ordinære britiske familiar får me oppleve den globale spenninga stige då USA og Sovjetunionen kranglar over Iran. Etter 50 lange minuttar veit me uansett at dette vil ende opp med at Storbritannia får smake atombombene til Sovjetunionen. Sidan følger me nedturen, både den kortsiktige og langsiktige, stadig avbrote med fakta i tekstform og svart-kvitt stillbilde.
Det er ingen tvil, Threads skiltar med sterke bilde. Eller kanskje groteske er meir skildrande. Det er skite, fuktig, full av blod og gørr i alle krokar. Men som med første timen går eg lei etter kvart. Altfor lange dokumentarar er noko eg tykker at er slitsamt. Og med ei dokumentarisk form blir også Threads dette. Eg vil likevel ikkje ta i frå filmen truverd, dei berekna etterverknadane er gjennomtenkte og dannar eit grufullt bilde lite anna enn atomkrig kan.
Eg held ein knapp på The Day After framfor denne, for når bilda blir for gjentakande og tida går for sakte framover blir mangelen på karakterar å bry seg om merkbare.
Her går mi oppleving i ei anna retning enn vurderinga på Horror 101 with Dr. AC (horror101withdrac.blogspot.com). Aaron Christensen meiner Threads overgår The Day After, og rosar både skodespelarane og den dokumentariske forma. Eg skjønar at nettopp dette kan gjere filmen meir skremmande. For meg blir likevel avstanden til karakterane for stor, og dei sterke bilda åleine held ikkje interessa oppe gjennom heile filmen.
