Hopp til hovedinnhold
Plakat for Tideland (2005)

Tideland

Film
3

Terry Gilliam eller ei, denne filmen fall ikkje så godt i smak her. Han er langt betre enn The Brothers Grimm på mange område, ein av dei er tolv år gamle Jodelle Ferland som Jeliza-Rose, dotter av to narkomane. Men han blir for brutal på andre område til at eg likar han.

Oppveksten til Jeliza-Rose er sterkt påverka av narkotikabruken til foreldra. Ho har utvikla ein sterk fantasi som ho lev seg inn i til dagleg. I denne fantasien kan ekorn snakke, og det finst hekser og monster. Sånn som i yndlingsboka hennar, Alice in Wonderland. Jeliza-Rose er ein overspelt karakter, og ikkje berre i filmen, men i historia også. Problemet hennar er at ingen er der for å skilje eventyr og realitet for ho.

Når eg skriv at filmen blir for brutal tenker eg først og fremst på scenene med Noah (Jeff Bridges), faren til Jeliza-Rose i filmen. Når han set si siste sprøyte, og reiser på ferie for godt, fortrengwe Jeliza-Rose det at han er død og let han sitte i stolen sin og rotne. Ho snakkar til han som om han framleis skulle vere der. Dette blir vel sterkt etter kvart, noko som kanskje har med å gjere at eg ser litt på Jeliza-Rose som ein av ungane i Dare mo shiranai som har blitt forlate av mora si og sakte, men sikkert, forfell. Ein veldig nær film.

At Tideland er ein godt laga film vil eg ikkje legge i ein skuff, men temaet blei for sprøtt for meg. Og fleire gonger følte eg meg fråstøytt frå filmen. Han balanserer på kanten og blir alt i alt ein grei film.

Jodelle Ferland er også eit klart lyspunkt for Robert J. Lewis på Movieforum (movieforumblog.blogspot.com), som meiner ho ber mykje av filmen med stor overtyding. Han finn dessutan ein rørande slutt der eg sit meir fråstøytt, sjølv om han synest filmen er for lang. Det er lett å skilje mellom desse vurderingane. Eg kan sjå at dette er godt laga og godt spelt, utan at eg dermed kjem nærare den ubehagelege verda.